Om Norsklaben
Kvifor Norsklaben?
Som norsklærar brukar ein ofte altfor lang tid på tilbakemeldingar. Elevane får dei for seint, og læringsutbyttet forsvinn. Formålet med Norsklaben er effektiv, konkret og læringsfremjande tilbakemelding som elevane faktisk brukar til å bli betre skrivarar.
Norsklaben skal vere ein sparringspartnar for eleven undervegs i skriveprosessen, og for læraren som ønskjer å gi rask og læringsfremjande tekstrespons.
Fagleg fundament
- Synleg læringJohn Hattie
- Formativ tilbakemelding er blant dei faktorane som verkar sterkast på læring – når eleven kan bruke ho vidare.
- Normprosjektet2012–2016
- Skrivekompetansen veks når lærarar arbeider systematisk med tydelege forventingsnormer.
- SkrivehjuletBerge, Evensen & Thygesen
- Responsen ser på funksjonen til teksten: «Kva prøver du å få til?», ikkje berre «er dette rett?».
- Prosessorientert skriving
- Læringa skjer i revisjonen. Difor må responsen kome medan eleven framleis skriv.
Verktøya
| Verktøy | Kvifor? |
|---|---|
| Tekstsjekkelev | Respons og neste steg medan eleven skriv, så revisjon blir eit reelt steg. |
| Skrivemeisterenelev | Målretta øving på akkurat det tilbakemeldinga peikar på. |
| Tekstanalyselærar | Eit fagleg grunngitt utkast til tekstrespons på minutt. Læraren justerer og avgjer. |
| Rubrikkvurderinglærar | Vurdering mot tydelege kriterium som eleven forstår og kan handle på. |
| Vurderingsoversiktlærar | Viser kva klassen og kvar elev treng å jobbe vidare med. |
Norsklaben skriv aldri for eleven. Elevtekstane blir analyserte på ein lokal, GDPR-sikker server og blir aldri brukte til å trene KI-modellar.
Kjelder: Hattie, Visible Learning (2009) · Berge, Evensen & Thygesen, The Wheel of Writing (2016) · Normprosjektet (2012–2016).